onsdag 14. januar 2009

Nytt prosjekt !

Dei som kjenner meg veit eg berre må ha noke å gjer på. Har alltid eit strikk (eller fleire) liggande. No som eg er ferdig med babydressen eg har strikka til syster mi (eller smurfen hennar som ho kallar den) so måtte eg byrje på noko nytt. Tok turen innom Nettstrikk her ein dag og fiska med meg nokre brosjyrer heim. Sjølv om eg egentlig visste kva eg skulle ha so har eg studert blada perm til perm mange ganga. Elskar oppskrifter. Er nok litt snål der ja.
Som eg sa så visste eg kva eg skulle ha. Eg såg nemlig ei lita tulle i denne jakka og fallt pladask med en gong. " Den der skal eg strikke til Ylva". So no har eg lagt opp.. Vonar den blir kjempe lekker. Tenkjer litt på at Vilde også skal få seg ei. Får sjå om eg blir lei. Eg er ei sånn som ikkje strikkar lestar for eg syns det er kjedelig å strikke to likedan. Bildet har eg lånt frå internett http://www.sandnesgarn.no/Hefte.aspx?hefteId=500240&mElement=grupper. Mi jakka blir med litt anna garn og nokere andre fargar sidan dei ikkje hadde dei rette fargane og garnet inne. Men eg trur nok det blir fint likevel. Men no må eg begynne.
Ha ein strålande kveld!!

2 kommentarer:

Monica sa...

åååå so søøøøte!!!!!
Dinna blir sikkert kjempefin på snuppa di!

Anna Lisa sa...

Denne vert nok heilt sikkert sjønn ja. Flink du er som klarer slike flotte ting!!! Eg sitt og strikka på mine kjedelege lestar...hehe!! Jaja..det er jo betre enn ingenting ihvertfall. Og som du sei, det er alltid kjekt å ha noko å gjer. Slik er eg også :)
Ønska deg ei god helg
Klem