Ha ein triveleg kveld!
tirsdag 6. januar 2009
Minner...
Eg har den siste tida, siste året egentlig, vore flittig til å "plukke" med meg saker og ting som mi kjære mormor har lagt tilsides. Ting som ho ikkje brukar eller likar meir, men som eg har gode minner frå og sett stor pris på. Som feks denne klokka. Er ikkje den vakker? Den har i alle år hengt på kjøkkenet hennar. Kjøkkenet der eg har inntatt all slags nydeleg mat og løyst alle verda sine problemer saman med ho. Klokka virkar ikkje lenger da.. Men skal prøve å få reparert den. Den har sjarm. Mormor syns det er litt merkelig at eg vil ha alt dette skrotet, som ho kallar det.
Verdifulle skattar kallar eg dei. Når vi tømte barndomsheimen hennar, kom eg over dette bilete. Det er av mormor, hennar bror og mine oldeforeldre. Mormor fortel at ho huskar endå kor redd ho var for fotografen. Eg syns det er eit fint bilete. Eg er glad i familia mi, både den som er no og den som var før mi tid. Eg kosar meg når eg les dei forskjellige slektstrea som har blitt skrevne. Artig å sjå kvar ein stammar frå. Kvar ein hører til.
I morgon er den etterlengta dagen. Min kjære kjem heim etter 4 veker på sjø. Det blir herlig, gledar meg til å sjå han att. Det blir tidleg kveld så morgondagen kjem raskare. Det blir sikkert lange timar på jobb i morgon...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

1 kommentar:
Så koselig klokke, og det er veldig koselig å arve ting man har gode barndomsminner fra. Dei tar man ekstra vare på.Eg brukte også å få frskjellig fra mormor som eg ville ta vare på, og nå når ho ikkje er her lenger set eg ennå mer pris på dei.
Ønska deg ein fin kveld
Klem
Legg inn en kommentar