Desse liljene var dei blomane eg kjøpte inn til forrige helg. Eg var i Ulsteinvik saman med to av mine beste venninder. Du veit, desse vennindene ein sjeldan møter grunna tidsklemme, barnefødslar, oppussing av hus, ferge osv, men som når de då endeleg treffest- ja då følest det som om det var i går. Vi hadde det så koseleg. Latter og tårer også faktisk. Shopping og kafebesøk. Så kom vi over desse liljene da, var på kampanje. Så då kjøpte vi oss kvar vår bukett. So no sit vi i kvar vår stue med kvar vår bukett og tenkjer på kvarandre. Koseleg ikkje sant? Elskar liljer, min fantastiske forlover som fiksa min brudebukett passa sjølvsagt på at akkurat den blomen var med i den. Buketten var egentlig bygt opp rundt den blomen, fantastisk.I morgon er det helg att, vekene går so fort!! Lurer på kva bukett som får plass i stua mi då... :)

3 kommentarer:
Å så kjekt at du har hatt ein slik venninnetur. Det er viktig det. Men dumt dokke har sjukdom i hus. Håpa dokke blir friske så fort som råd. Er innom i full fart for å ønske god helg før eg reiser på tur. Gleda meg nå. Sommerfugla i magen ;)
Klem
Hadde en kjempe kjekke dag, pia :o) Løv ju!
Uff...føle med dokke..he akkurat hatt ei runde med sjuke her me. Kjedelig!!
He ei utfordring te dej på bloggen min. ;)
Legg inn en kommentar